Elbilistane i Bergen må betale bompengar

Elbildelen i Bergen har passert 20 prosent, og dermed må òg elbilistar betale bompengar i byen.

- Prosess for innføring av bompengeavgift i Bergen kan setjast i gang, stadfestar seniorrådgivar Kristian Bauge i Statens vegvesen overfor VG.

Hordaland fylkesutval vedtok i oktober at det skulle innførast bompengar for elbilistar i Bergen når delen elbilar hadde passert 20 prosent. I oktober låg han på 19,9 prosent. Mengda elbilar som passerer bomringane i byen, steig til 20,5 prosent i november, viser tal som vart offentleggjort måndag morgon.

Den nye prisen for elbilistane gjennom bomringen i Bergen blir 10 kroner og 20 kroner i rushtida. Det er omtrent halvparten av det bensinbilar med autopassavtale må betale.

Sidan Erna Solbergs regjering kom til makta, har talet på bomstasjonar stige frå 170 til 245.

(©NPK)

Elbilistar må betale bompengar i Bergen etter at mengda elbilar i byen passerte 20 prosent i november. I april i fjor protesterte yrkessjåførar mot auke i bompengesatsen i Bergen i ein køyr-sakte-aksjon. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix