Elsie Bay i MGP: No er det Vestlandets tur

Nokre små justeringar står att før Elsie Bay står på scena i MGP-finalen laurdag. Som å hugse å sjå i rett kamera.

Elsa Søllesvik, med artistnamnet Elsie Bay, har budd i både Kvinnherad, Haugesund og Oslo. No bur ho i Berlin, men har teke turen til Noreg og Trondheim for å delta i Melodi Grand Prix.

Torsdag var det første prøve på scena i Trondheim Spektrum, som er utselt til finalen laurdag.

–Det er første gong på denne scena, så vi må gjere nokre justeringar. Men alt i alt kjennest det veldig bra, seier ho til NTB etter prøva.

Dansarar og lysekrone

Framføringa inneheld mellom anna dans frå Helene Spilling og Karol Michal Tomecki, og ei lysekrone som tennast og blir heist frå scenegolvet. Artisten fekk sjølv sjå prøveopptak og er veldig fornøgd.

Likevel er det ein del ho vil jobbe med fram til laurdag.

– Det er å hugse dei nye endringane og å passe på å sjå i rett kamera. Eg har litt andre plasseringar denne gongen, så det må eg øve på, fortel Elsie Bay.

– Eg er roleg til så lenge, og eg håpar eg gjer ein betre framferd enn i semifinalen. Ein har alltid lyst til å gjere det litt betre, seier ho.

Håpar på stemmer

Oppmodinga til folk frå heimtraktene er klar:

– Stem på meg!

– Nei då, folk må jo få stemme på den låten dei likar. Men eg håpar jo sjølvsagt det er min, legg ho raskt til.

Elise Bay er nummer åtte på scena av dei ni artistane i finalen, som går framfor 8.000 publikummarar i salen og på NRK laurdag kveld.

– Eg har tulla med at det er lenge sidan Vestlandet har hatt ein finalist i Eurovision, så no er det vår tur, seier ho.

Finale i Liverpool

Vinnaren i finalen laurdag får representere Noreg i den internasjonale Eurovision-finalen i Liverpool i mai. Den årlege musikkonkurransen blir i år arrangert i Storbritannia.

Normalt er det slik at vinnarlandet får arrangere den neste konkurransen, men Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) gav den oppgåva til Storbritannia på grunn av situasjonen i vinnarlandet i fjor, Ukraina.

Noreg har allereie fått tildelt startnummer 4 i den første semifinalen, som blir halden tysdag 9. mai.

(©NPK)

Elsie Bay på scena under dei første MGP-prøvene i Trondheim Spektrum. Foto: Alexander Vestrum / NTB

Elsie Bay meiner Vestlandet fortener ein MGP-vinnar. Foto: Alexander Vestrum / NTB

Elsie Bay (til høgre) har med seg dansarane Karol Michal Tomecki og Helene Spilling. Foto: Alexander Vestrum / NTB