Annonse

EM-draumen brast for J17-landslaget

Det norske J17-landslaget nådde ikkje opp i gruppefinalen mot Tyskland. 0-4-tapet tysdag knuste Noregs håp om ein plass i EM-sluttspelet i mai.

Berre siger ville gitt dei norske jentene EM-billett, men tyskarane vart for sterke og gjekk vidare som gruppevinnar med full pott under eliterunden i Edinburgh.

Natasha Kowalski gav Tyskland leiinga etter 39 minutt, medan Sophie Weidauer auka til 2-0 med underkant av 20 minutt igjen. På tampen rakna det skikkeleg for Noreg då innbytar Gentiana Fetaj og Jule Brand gjorde kvar si scoring på kort tid.

Det er berre vinnaren av kvar gruppe som går til EM i Bulgaria. Tyskarane ville òg avansert med uavgjort i oppgjeret på tysdag. Noreg opna den avgjerande kvalifiseringsrunden med 1-1 mot Irland og 1-0-siger over Skottland.

Noreg har tidlegare vore i fire EM-sluttspel for J17-landslag, men den femte deltakinga skjer ikkje med det første. Tyskland er godt vande med heile seks titlar på sine ti siste J17-sluttspel.

Meisterskapet blir spelt mellom 5. og 17. mai.

(©NPK)