EM-semifinalen i handball: Noreg spelar for OL-plass og mange bonuskroner

Dei norske handballjentene kan få ein sjeldan feit EM-bonus om det blir gullmedaljar etter finalen i Slovenia søndag. Ein OL-billett er også innan rekkjevidd.

Noreg spelar semifinale mot Frankrike i kveld. Avkastet går 20.30.

Vinnaren møter vinnaren av Danmark og Montenegro i finalen.

Kampen i kveld er også avgjerande med tanke på å kunne sikre OL-plass for leikane i 2024. Vinn Noreg EM, er også OL-billetten sikra.

Bonussatsane i meisterskap er slik for den norske troppen:

  • Gull: 130.000 kroner
  • Sølv: 85.000
  • Bronse: 55.000
  • 4.-plassen: 20.000

I tillegg får kvar norske spelar 30.000 kroner for å sikre plass i kommande meisterskap. Tek Noreg gullet søndag, er laget klart for 2024-OL og EM same år.

Dette betyr i så fall at alle 19 spelarane i den norske troppen kan kvittere ut 190.000 kroner ved gull.

(©NPK)

Noreg spelar for OL-plass og ein feit bonus under handball-EM. Foto: Beate Oma Dahle / NTB