Annonse

Endå ei kvinne skuldar Kavanaugh for overgrep

Ei ny kvinne skuldar høgsterettsnominerte Brett Kavanaugh for seksuelle overgrep. Episoden skal ha skjedde på ein universitetsfest på 1980-talet.

Annonse

Det er i avisa The New Yorker at 53 år gamle Deborah Ramirez fortel om ein fest i skuleåret 1983/84, der ho meiner Kavanaugh pressa underlivet sitt opp i ansiktet hennar og tvinga henne til å røre han.

- Eg var flau og audmjuka, men Brett lo berre. Eg kan hugse ansiktet hans (...) Plutseleg høyrde eg nokon på festen rope at Brett hadde «putta penisen sin i munnen til Debbie», seier kvinna til avisa.

Kavanaugh avviser skuldingane i ei fråsegn frå Det kvite hus.

Skuldingane kjem kort tid før den planlagte høyringa av Kavanaugh og Christine Blasey Ford i Senatet torsdag. Ford har skulda Kavanaugh for valdtektsforsøk, men fleire republikanarar, deriblant Kavanaugh sjølv, meiner skuldingane er eit forsøk på å øydeleggje moglegheitene hans til å bli valt som høgsterettsdommar.

The New Yorker skriv at dei ikkje har klart å finne vitne til hendinga Ramirez fortel om, men at ein tidlegare klassekamerat hugsar at det gjekk rykte på skulen.

(©NPK)

Donald Trumps kandidat som ny høgsterettsdommar, Brett Kavanaugh, blir skulda for fleire seksuelle overgrep. Sjølv avviser han hendingane som ein svertekampanje. Foto: Alex Brandon / AP / NTB scanpix