Annonse

Endå ein landslagsspelar blir fotballproff i England

Cecilie Redisch Kvamme blir Noregs ferskaste tilskot til engelsk fotball. Sandviken-spelaren blir utanlandsproff 1. august.

Annonse

Agenten til Sandviken-spelaren stadfestar at Kvamme held fram karrieren i England, men 23-åringen sjølv kan ikkje per no opplyse om kva for ein klubb det er snakk om.

- Det må vente til 1. august. Det er utanfor min kontroll, seier Kvamme til Bergensavisen.

Etter kva NRK erfarer, blir West Ham den nye klubben til forsvarsspelaren. London-klubben har òg vore kraftig linka til Emilie Nautnes, som forlèt Arna-Bjørnar i slutten av juli.

Kvamme har tre landskampar for Noreg. Ho vart tatt ut til VM-troppen i sommar, men fekk ikkje speletid. 23-åringen melde overgang frå Arna-Bjørnar til Sandviken før sesongen.

Frå før spelar det fire nordmenn i den kvinnelege superligaen i England. Guro Reiten vart nyleg lagvenninne med Maren Mjelde og Maria Thorisdottir i Chelsea, medan Røa-kaptein Kristine Leine har vorte Reading-spelar.

(©NPK)

Sandviken-spelar Cecilie Redisch Kvamme fortset karrieren i England. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix