Annonse

Endå ein øystat i Stillehavet vender Taiwan ryggen

Taiwan rasar mot Kina etter at den vesle øystaten Kiribati i Stillehavet skifta side og opprettar diplomatiske band med Kina i staden for Taiwan.

Det er andre gong på mindre enn ei veke at ein øystat bryt med Taiwan til fordel for Kina. Måndag gjorde Salomonøyane det same. For Kina er det viktig å få dei strategisk viktige stillehavsøyane på si side.

Kiribatis anerkjenning er endå ein siger for Beijing få veker før Folkerepublikken Kina feirar 70-årsjubileum.

Taiwans utanriksminister Joseph Wu innkalla fredag til pressekonferanse på kort varsel der han kunngjorde at regjeringa umiddelbart vil kalle diplomatane sine heim, samtidig som han forventar at Kiribati gjer det same med diplomatane sine i Taiwan.

Han skulda Kina for å ha «forført» Kiribati med løfte om investeringar og bistand.

Kina set stor pris på avgjerda om å ta opp att diplomatiske samband til Beijing, heiter det i ei fråsegn frå talsmannen til utanriksdepartementet Geng Shuang fredag. På spørsmål om Kina i retur har lova Kiribati investeringar, svarer han:

- Dei som er vane med å kjøpe seg diplomatiske allierte for pengar, forstår kanskje ikkje at prinsipp og tillit ikkje kan kjøpast.

Kiribati er det sjuande landet som har brote med Taiwan sidan Tsai Ing-wen vart vald til president i 2016. Berre 15 land har framleis diplomatiske band med øya, som tidlegare var kjent som Formosa, og som formelt heiter Republikken Kina.

(©NPK)

Taiwans president Tsai Ing-wen under ein pressekonferanse måndag, same dag som Salomonøyane skifta side. No har Kiribati gjort det same. Foto: AP / NTB scanpix