Annonse

Endå ein smitterekord i Italia

I Italia er det registrert 19.143 nye smittetilfelle. Dette er ny rekord, og vesentleg fleire enn den førre rekorden som vart sett torsdag.

Dei nye tala vart presenterte av det italienske sivilforsvaret fredag. Det er registrert 91 nye koronarelaterte dødsfall, og det samla talet på dødsfall har no stige til 37.059.

I Italia er det denne veka sett nye smitterekordar tre dagar på rad. Talet var nesten 15.200 onsdag, før det steig til 16.079 dagen etter.

(©NPK)