Klargjør siden...
Annonse

Endå fleire mistar jobben i riggselskap

(NPK-NTB): 180 tilsette i Dolphin Drilling mistar jobben i den andre nedbemanningsrunden i riggselskapet på få månader.

Manglande oppdrag for riggen Borgland Dolphin førte til at riggselskapet allereie i juni såg seg nøydd til å sette i verk ein kuttrunde som rammar over 150 tilsette. Ettersom riggen Bideford Dolphin går av kontrakt med Statoil neste år, mistar ytterlegare 180 tilsette jobben, skriv Sysla og Offshore.no.

– På grunn av at det ikkje er nokon nye kontraktar i sikte for riggen, er det no avgjort at alle offshoretilsette vil få varsel om overtal, skriv selskapet i ei intern melding til dei tilsette som Offshore.no har fått tilgang til.

Så seint som i fjor vår mista 180 tilsette i riggselskapet jobben. (©NPK)

Annonse