Annonse

Engelsk avis: Solskjær i samtalar med Manchester United

Ole Gunnar Solskjær er ifølgje avisa Daily Mirror i samtalar med Manchester United om å overta som mellombels manager i klubben ut sesongen.

Annonse

Det skriv avisa etter at José Mourinho fekk sparken tidlegare på dagen. United ønsker, ifølgje Daily Mirrors kjelder, ein erfaren trenar som kan styre laget ut sesongen, inntil ein permanent erstattar kjem på plass.

Solskjær har ei svært høg stjerne blant Uniteds leiing og supporterar etter tida si i klubben. Han kom til Manchester United sommaren 1996, vart ein umiddelbar suksess og scora 128 mål på ti sesongar i klubben. Han viste stor lojalitet mot United i periodar der han sleit med avgrensa speletid, og mange andre klubbar var ute etter han.

Nordmøringen har hatt suksess som Molde-manager, men den tidlegare erfaringa hans som Premier League-manager enda med sparken i Cardiff etter berre 30 kampar.

Før den tid hadde Solskjær trenarjobb i Manchester Uniteds ungdomsavdeling.

(©NPK)

Ole Gunnar Solskjær er ifølgje Daily Mirror i samtalar med Manchester United om managerjobben. Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix