Annonse

Erdogan og Trump varslar koordinert innsats i Syria

Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan og den amerikanske motparten hans Donald Trump er einige om å styrke koordineringa mellom dei to i Syria- konflikten.

Annonse

I ein telefonsamtale fredag sa dei to leiarane seg einige i behovet for «meir effektiv koordinering» i Syria, ifølgje kjelder nær Erdogan.

- Dei vart einige om å sikre meir effektivt samarbeid i Syria- spørsmålet, seier ei kjelde.

Samtalen fann stad etter at Erdogan tidlegare på dagen på nytt trua med å drive kurdisk milits ut av området aust for elva Eufrat nord i Syria.

- Vi er fast bestemt på å bringe fred og sikkerheit i områda aust for Eufrat, sa Erdogan.

- Tyrkia har kasta bort nok tid på å intervenere for å reinske opp i terror-sumpen aust for Eufrat. Tolmodet er slutt, vi kjem ikkje til å vente ein einaste dag lenger, sa han.

Erdogan har fleire gonger dei siste månadane varsla ein storoffensiv mot den kurdiske YPG-militsen aust for Eufrat, til protestar frå USA.

YPG er den dominerande styrken i opprørsalliansen SDF, som blir støtta militært av USA og har vore sentrale i å drive den ytterleggåande islamistgruppa IS ut av det nordlege Syria.

YPG blir rekna som den syriske greina av den kurdiske PKK-geriljaen og Tyrkia har sett begge dei to opprørsgruppene på lista si over terrororganisasjonar. USA har PKK på terrorlista si, men ikkje YPG.

(©NPK)

President Recep Tayyip Erdogan truar på nytt med ein offensiv mot den kurdiske YPG-militsen nord i Syria. Foto: AP / NTB scanpix