Eriksen Søreide meiner handelskrigen truar norske jobbar

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) seier at om USAs president Donald Trump innfører toll på bilar og bildelar, rammar det Noreg direkte.

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) seier at om USAs president Donald Trump innfører toll på bilar og bildelar, rammar det Noreg direkte.

- Noreg lagar og eksporterer bildelar til USA, men også til den europeiske marknaden, som skrur saman bilar og sel til USA. I begge tilfelle vil auka toll gjere at etterspørselen går ned, og då går salet av bilar ned, seier ho til VG.

Tyske Benteler på Raufoss er blant dei som produserer hjuloppheng og støytfangarar for Audi, BMW, Daimler, Porsche, Opel, Toyota og Volvo, ifølgje Dagens Næringsliv. Også i Kongsberg og Hvittingfoss er det fabrikkar som sender bildelar verda rundt.

Som i andre land er norsk industri i ei kompleks verdikjede der levebrødet til den eine er avhengig av andre.

- Ikkje berre vil ein toll på bildelar få direkte konsekvensar ved at Noreg eksporterer mindre og tener mindre, men vi er òg ein av dei største transportørane i verda av nye bilar på rorofartøy, seier utanriksministeren.

Inntil vidare har Trump utsett denne tollen i seks månader. Eriksen Søreide seier ho har vore tydeleg overfor USA i denne saka.

(©NPK)

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide fryktar for norske jobbar dersom handelskrigen mellom USA og Kina fortset. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix