Annonse

Erna Solberg vil ikkje tilby britane naudhamn

Det er framleis stor fare for ein hard brexit, åtvarar Erna Solberg. Men statsministeren ønsker ikkje å tilby EØS som ei kriseløysing.

Annonse

I den britiske debatten har EØS ofte vorte nemnt som ei mogleg naudhamn for Storbritannia viss brexitprosessen havarerer. Men ei slik løysing har Solberg sterke innvendinga mot.

- Vi kan ikkje ha ein mellomstasjon i eit så komplisert system som EØS, der eit land berre parkerer ein liten periode, seier Solberg.

- Det vil bli vanskeleg for oss andre å handtere.

Er med allereie

Tanken i britisk debatt er at Storbritannia allereie er part i EØS-avtalen som medlemsland i EU, og at det derfor bør vere mogleg for britane å melde overgang til Efta og dermed bli verande i avtalen.

EØS vil på den måten kunne bli ei naudhamn som løyser mange av dei praktiske problema som vil oppstå viss britane blir tvinga til å gå ut av EU utan å ha fått ein skreddarsydd utmeldingsavtale på plass.

Men EØS er for komplisert til at ein berre kan bruke det som eit steg på vegen, meiner Solberg. Ifølgje henne er det uansett eit feilspor å byrje å utvide menyen av moglege løysingar no.

- Eg trur at det dei først og fremst treng i Storbritannia, er avgjerdsevne.

Æresgjest

Fredag var Solberg æresgjest på EU-toppmøte i Brussel.

Der var ho invitert saman med Island og Liechtenstein for å markere at det i år er 25 år sidan EØS-avtalen tredde i kraft.

På veg inn til toppmøtet fekk den norske statsministeren fleire spørsmål frå internasjonal presse om «den norske modellen» som alternativ for britane. Men Solberg svarte unnvikande.

Ifølgje henne er det ikkje nokon grunn til at Noreg skal preike britane.

- Det er viktig at britane sjølv avgjer kva dei vil, seier ho.

Brexit blir utsett

EØS-feiringa vart ståande i kontrast til det som elles dominerte toppmøtet, nemleg den djupe krisen om brexit.

Kvelden i før vart EU og Storbritannia samde om å utsetje skilsmissa med minst to veker til 12. april. Det er ei semje Solberg ønsker velkommen.

- Det er jo i og for seg bra at det er meir tid. Men det viktigaste er at Storbritannia byrjar å velje, at dei faktisk ikkje berre stemmer ned forslag, men at dei stemmer for ein veg framover, seier Solberg.

- Det gir litt meir tid til å finne ut av det. Men det er framleis ein overhengande fare for ein hard brexit, åtvarar ho.

(©NPK)

Statsminister Erna Solberg saman med europeiske leiarar på EU-toppmøte i Brussel fredag. Foto: Francisco Seco / AP / NTB scanpix

President Emmanuel Macron i Frankrike helsar på statsminister Erna Solberg på EU-toppmøte i Brussel fredag. Statsminister Adrian Hasler i Liechtenstein til høgre i bildet. Foto: Olivier Matthys / AP / NTB scanpix

EU-president Donald Tusk snakkar med statsminister Erna Solberg og andre europeiske leiarar på toppmøtet i Brussel fredag. Foto: Geert Vanden Wijngaert / AP / NTB scanpix

Statsminister Erna Solberg snakka ti pressa på veg inn til EU-toppmøte i Brussel fredag. Foto: Francisco Seco / AP / NTB scanpix

Statsminister Erna Solberg uttalte seg til pressa på veg inn til EU-toppmøte i Brussel fredag. Foto: Francisco Seco / AP / NTB scanpix