Annonse

ESA godkjenner 350-kronersgrensa

(NPK-NTB): At sendingar frå utlandet med ein verdi på under 350 kroner er toll- og avgiftsfrie, inneber ikkje statsstøtte, fastslår Eftas overvakingsorgan (ESA).

ESA fekk ein klage på grensa i oktober 2015. I ei pressemelding onsdag skriv dei at saksbehandlinga no er avslutta. Avgjerande for vurderinga om at 350-kronersgrensa ikkje er ulovleg statsstøtte, er at fritaket ikkje favoriserer enkelte føretak eller produksjonen av enkelte varer, slik EØS-avtalen om statsstøtte krev.

Overvakingsorganet slår fast at grensa er ein naturleg del av eit velfungerande sett med tollreglar, og er med på å sikre effektiv tollbehandling av importvarer til Noreg. (©NPK)

Annonse