ESPN: Bolt blir tilbydd proffkontrakt i Europa

Usain Bolt er har fått tilbod om ein toårskontrakt med ein europeisk klubb, ifølgje ESPN. Kva klubb som ønskjer Bolt er førebels ikkje kjent.

Den pensjonerte friidrettsstjerna, som har verdsrekorden på 100- og 200-meter, fekk mykje merksemd då han scora to av måla til Central Coast Mariners mot MacArthur South West United i ein vennskapskamp (4-0) fredag.

Agenten til Bolt, Tony Rails, seier til ESPN at ein europeisk klubb har vist interesse.

- Det er ein klubb i Europa som ønskjer Bolt på ein toårskontrakt. Dei har nyleg fått nye eigarar som har ambisjonar om spel i meisterligaen.

Kva klubb dette skal dreia seg om røper ikkje agenten.

Den australske klubben har internasjonale kontaktar med São Paulo (Brasil), Sheffield United (England) og Ferencvaros (Ungarn).

Usain Bolt prøver å spela seg til kontrakt med Mariners som spelar i den australske toppdivisjonen, A-ligaen. Bolt seier han håpar han snart kan setja seg ned saman med klubben for å diskutera framtida hans i klubben.

Jamaicanaren har tidlegare trent saman med tyske Borussia Dortmund, sørafrikanske Mamelodi Sundowns og Strømsgodset.

(©NPK)

Agenten til Usain Bolt seier ein europeisk klubb tilbyr den pensjonerte friidrettsstjerna proffkontrakt i fotball.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix