Etterdønningar av Gyda – folk blir bedne om å unngå å reise på hytta

Ekstremvêret Gyda er over, men det er venta etterdønningar fleire stader i landet. Statens vegvesen ber folk unngå å reise på hytta i helga.

– Vi finn det rett å åtvare og be folk vurdere situasjonen før ein legg ut på tur i helga, sjølv om Gyda er ferdig. Situasjonen er framleis uavklart, seier avdelingsdirektør Nils Karbø i Vegvesenet til NTB.

Ekstremvêret Gyda har herja i store delar av landet denne veka og har medført store øydeleggingar både på vegar, bustader og infrastruktur. Torsdag vart Gyda erklært over. Men det blæs framleis friskt fleire stader, og det er i tillegg fare for både flaum og jord-, sørpe- og flaumskred fleire stader.

Mange fylkesvegar og europavegar er dessutan framleis stengde som følgje av mellom anna ras og flaum. Det er spesielt på Nordvestlandet og i Trøndelag og Nordland at mange vegar enno er stengde.

– Vi jobbar for fullt med å rydde opp og opne opp der det er mogleg. Fleire stader er det store skadar, og dette tek tid å rydde opp. Det er òg krevjande køyreforhold som følgje av dårleg vêr. Det er meldt mykje vind i helga, særleg søndag, seier Karbø.

Oppryddingsarbeidet fortset

Han ber folk som likevel skal leggje ut på hjul i helga, om å sjekke Vegvesenets trafikkart på nettsidene, der ein til kvar tid finn oppdatert status på kva vegstrekningar som er opne eller stengde. Dette endrar seg stadig vekk, påpeikar han.

– Der kan ein planleggje ei rute frå A til B og eventuelt leggje inn alternative reiseruter. Ein vil nok kunne komme seg fram dei fleste stader, men på ein del mindre stader kan det vere meir problematisk, seier Karbø.

Han seier at arbeidet vil halde fram gjennom helga med både å danne seg ei fullstendig oversikt over skadane, og dessutan å handtere desse. Og det kan raskt oppstå fleire øydelagde vegar.

– Når vatnet trekkjer seg tilbake, så kan dette medføre jordras som kan føre til ytterlegare stengde vegar, seier han.

– Entreprenørane har gjort ein kjempejobb med å handtere alt dette, det må eg understreke. Dei står på òg gjennom helga, seier Karbø.

Skademeldingane renn inn

Eit tydeleg bilete på skadane etter Gyda var den øydelagde vegstrekninga på E39 ved Vinjeøra i Trøndelag, der asfalten flerra av. Strekninga vil vere stengd fram til neste veke på grunn av det omfattande reparasjonsarbeidet som skal gjerast dei neste dagane.

Forsikringsselskapa har fått inn over 1.000 skademeldingar etter ekstremvêret. Det blir venta ein auke i dagane framover, ifølgje Finans Norge og Norsk Naturskadepool.

– Det er mest flaum- og vass-skadar der vatn har trengt inn i bygningar, hovudsakleg i kjellarar eller underetasjar. Det er flest skadar i Møre og Romsdal og Trøndelag, men vi har òg ein del i Nordland og Troms, seier kommunikasjonsrådgivar Torbjørn Brandeggen i Tryg Forsikring.

(©NPK)

Asfalten vart flerra opp og vegstrekninga vart totalskadd på E39 ved Vinjeøra i Trøndelag etter ekstremvêret Gyda. Strekninga er ein av svært mange som vil halde fram med å vere stengd ei tid framover, ifølgje Vegvesenet. Foto: Svein Stavås / NTB

Mange av skademeldingane som har komme inn etter Gyda, kjem av flaum, som her ved fylkesveg 700 sør for Svorkmo i Orkland kommune. Foto: Ole Martin Wold / NTB

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukerkonto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Møre bruker cookies (informasjonskapsler) til å forbedre nettstedet. Ved å godkjenne aksepterer du at vi kan sette cookies i din nettleser.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...