Etterforskinga av trusselsaka mot Keshvari nærmar seg slutten

Politiet håper å gjere ferdig etterforskinga av saka der Frp-representant Mazyar Keshvari er sikta for å ha sett fram grove truslar innan kort tid.

Keshvari vart arrestert heime i Rælingen i Akershus i februar i år, og det vart gjort beslag av våpen i samband med dette. Han er sikta for grove truslar, men har ikkje erkjent straffskuld.
Saka blir etterforska av Aust politidistrikt.
- Saka om den aktuelle stortingsrepresentanten er framleis under etterforsking, og vi håper ho kan ferdigstillast innan kort tid, seier politiadvokat Eline Andreassen til NTB.
- Det er nokre etterforskingsskritt som står att, mellom anna avhøyr, så det er litt avhengig av han eller dei som skal avhøyrast. Derfor er det litt vanskeleg å seie kor lang tid dette vil ta, legg ho til.
Saka blir etterforska uavhengig av bedragerisaka, som kjem opp for Nedre Romerike tingrett 18. oktober. Keshvari er sikta for grovt bedrageri ved å ha fått Stortingsadministrasjonen til urettmessig å utbetale han til saman 450.000 kroner i reiserefusjon.
Keshvari har erkjent desse forholda, og rettsbehandlinga går som ei tilståingssak.
- Påtalemakta ser svært alvorleg på saka, og straffeforslaget vil vere eitt år og seks månaders fengsel utan vilkår, opplyste politiadvokat Susie Bergstrand i Oslo politidistrikt torsdag.
EMBED START Image Frps Mazyar Keshvari under Frps landsmøte i 2018. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix EMBED END Image(©NPK)