Klargjør siden...

Ettersøkt palestinar funnen død i Bulgaria

(NPK-NTB-AP-DPA): Ein drapsdømd palestinar som rømde frå israelsk fangenskap for over 25 år sidan, er funnen død på den palestinske ambassaden i Sofia. PFLP kallar det ei likvidering.

Bulgarsk politi etterforskar dødsfallet, som ifølgje ambassaden skal ha skjedd som følgje av ei valdshandling på ambassadeområdet. Omar Nayef Zayed, medlem av Folkefronten for frigjering av Palestina (PFLP), har vore på rømmen sidan 1990.

Dei siste to månadene har 52-åringen søkt tilflukt i ambassaden i Sofia i frykt for at bulgarske styresmakter skulle innfri eit utleveringskrav frå Israel.

Den bulgarske påtalemakta seier mannen blei funnen i bakgarden til ambassaden. Politiet etterforskar ifølgje Reuters om han blei dytta eller fall frå ein høg etasje, men ein talsperson sa seinare fredag at det ikkje var nokon ytre teikn til vald på kroppen hans.

Palestinske media derimot at Zayed blei funnen såra fredag morgon og døydde på sjukehus seinare same dagen, medan palestinske kjelder seier til Reuters at mannen blei skoten. PFLP skuldar i ei pressemelding Israel for å stå bak og kritiserer den palestinske sjølvstyremakta for ikkje å ha klart å verna han.

Israels utanriksdepartement seier dei fekk vita om dødsfallet til Zayed gjennom media. Omar al-Nayef, bror hans og ein annan palestinar blei i 1986 dømde til livstid i fengsel for å ha drepe ein israelsk busetjar. Han rømde under eit sjukehusopphald i 1990. (©NPK)

Annonse