EU forlenger Russland-sanksjonar

(NPK-NTB): EU har bestemt seg å forlenge dei økonomiske sanksjonane mot Russland til 31. januar neste år. Korttenkt politikk, svarar russarane.

EU krev at Russland må oppfylle krava i Minsk-avtalen før dei sviande sanksjonane kan lettast, og slo torsdag fast at dette vilkåret enno ikkje er oppfylt.

Dei første sanksjonane vart innført 31. juli 2014 som ein reaksjon på russisk innblanding i Ukraina. Sidan er dei blitt trappa opp og forlengt i fleire omgangar, og dei rammar blant anna finansnæringa, energisektoren og forsvarssektoren.

Russland reagerer på forlenginga med å kalle det ei «fortsetting av ein korttenkt politikk i Brussel».

– I botn og grunn har EU sjølv gjort forholdet mellom unionen og Russland til gissel i det uforsvarlege spelet ukrainske styresmakter spelar, skriv russisk UD i ei fråsegn som AFP siterer.

Sjølv om EU allereie har knytt lettar i sanksjonane til full innfriing av Minsk-avtalen, som er ein internasjonal fredsplan for Ukraina, har fleire EU-land tatt til orde for at sanksjonane må takast opp til debatt på nytt.

Når den nye fristen i januar går ut, kan det dermed bli mindre automatikk i forlenginga enn det har vore denne gongen. (©NPK)

Annonse