EU går ikkje inn for våpenboikott av Tyrkia

Utanriksministrane i EU-landa fordømmer offensiven til Tyrkia i Syria, men går ikkje inn for ein samla boikott av våpensal til landet.

- EU fordømmer dei militære handlingane til Tyrkia, som undergrev stabiliteten og sikkerheita i regionen, heiter det i ei felles fråsegn etter møtet.

Konflikten i Syria og den militære innsatsen til Tyrkia mot landet var eitt av temaa då utanriksministrane til unionen samla seg i Luxembourg måndag. Fleire ønskte å gå lenger enn ei fordømming av offensiven, men unionen vart altså ikkje samde om ein våpenembargo, melder nyheitsbyrået AFP.

Ifølgje nyheitsbyrået AP vil likevel fleire land slutte seg til Frankrike og Tyskland og stanse våpensal til Tyrkia. For nokon av dei vil det seie at dei går til det uvanlege skritta å slutte å forsyne ein NATO-alliert med forsvarsmateriell.

Også Sverige har tatt til orde for at heile EU burde slutte å selje våpen til Tyrkia.

(©NPK)

Utanrikssjefen i EU var vert for møtet der ein mogleg våpenembargo mot Tyrkia blei diskutert. Foto: Virginia Mayo / AP / NTB scanpix