EU gir Moldova millionar for å løyse gasskrisa

EU uttalte onsdag at dei gir Moldova 60 millionar euro, nærare 600 millionar kroner, for å hjelpe landet med krisa etter at russiske Gazprom auka gassprisane.

EU-kommisjonens president Ursula von der Leyen lova full støtte til den tidlegare Sovjet-staten etter eit møte med Moldovas provestlege statsminister Natalia Gavrilita i Brussel.

Moldova har erklært krisetilstand og importert gass frå resten av Europa for første gong, etter at Gazprom innførte ein kraftig prisauke for det fattige landet.

Kreml insisterer på at krangelen er kommersiell, men det blir frykta at Moskva bruker si makt på energimarknaden til å trekkje Moldova tettare til seg sjølv etter at Gavrilita lova å skape tettare band til EU.

Moldovas visestatsminister er på si side i Moskva for å forhandle med statseigde Gazprom. Kontrakten i landet med Gazprom gjekk ut i september. Ein fekk på plass ein avtale for oktober månad, men Moldova meiner å ha fått langt mindre gass enn vanleg.

I førre veke melde russiske medium at Gazprom truar med å avslutte forsyninga viss ikkje landet betaler gjelda si og underteiknar ein ny kontrakt innan desember.

(©NPK)

Det har vore svært vanskeleg å få tak i naturgass i Moldova dei siste vekene. Foto: Aurel Obreja / AP / NTB