EU gir Storbritannia to månader på å betale 2,7 milliardar euro for tollfusk

EU-kommisjonen gir Storbritannia frist på to månader på å betale EU 2,7 milliardar euro etter å ha ignorert fusk ved import av kinesiske varer.

Om ikkje Storbritannia betalar innan fristen kan EU-kommisjonen ta saka til EU-domstolen.

Ifølgje Kommisjonen har importørar i britiske hamnar mellom 2011 og 2017 svindla under import av varer, særleg frå Kina. Dette har gitt manglande tollinntekter, som no har ført til underskot i EUs budsjett.

Kravet skapar endå større spenningar mellom EU og Storbritannia, berre dagar etter at eit EU-møte i Austerrike førte til bitterheit mellom dei to partane, då det seinaste brexit-forslag til Storbritannia blei stempla som «ugjennomførbart» av EU-president Donald Tusk.

Særleg uheldig for Storbritannia er det at den foreslåtte handelsavtalen med EU etter brexit baserer seg på eit tilbod om at London held oppsyn med EUs tollavgifter etter skilsmissa.

(©NPK)