Annonse

EU innfører mellombels flystans frå det sørlege Afrika

EUs medlemsland er samde om mellombels stans i flytrafikken frå fleire land i det sørlege Afrika som følgje av den nye virusvarianten som er påbvist i området.

Annonse

Ein komité med helseekspertar frå alle 27 medlemsland er samde om å setje i verk mellombelse restriksjonar for alle reiser til EU frå det sørlege Afrika, skriv det slovenske presidentskapet i EU på Twitter.

Restriksjonane gjeld i første omgang for Sør-Afrika, Botswana, Eswatini, Lesotho, Mozabique, Namibia og Zimbabwe, ifølgje Reuters.

(©NPK)