Annonse

EU-kommisjonen ber om raske koronatiltak

Fleire EU-land opplever ein verre pandemisituasjon no enn i mars, og helsekommissæren ber om strakstiltak mot nye utbrot.

– Dette gir grunn til alvorleg bekymring, seier helsekommissær Stella Kyriakides om utviklinga. Torsdag la EUs smittevernkontor, ECDC, fram den nyaste risikovurderinga si, som viser ei jamn auke av innmelde tilfelle sidan august. Den viser òg at det ikkje alltid har vore tilstrekkelege tiltak til å stanse eller kontrollere spreiinga.

Dødstala er ikkje tilbake på nivået frå tidlegare i år, men talet på smittetilfelle stig raskt i mange område. Utviklinga er urovekkjande i sju EU-land, inkludert Spania, hevdar ECDC.

– Dette betyr ganske enkelt at tiltaka ikkje har vore effektive nok, eller ikkje vorte handheva eller følgt godt nok. Alle medlemsstatane må rulle ut tiltak umiddelbart ved første teikn til moglege nye utbrot, seier Kyriakides.

– Vi kan ikkje senke garden. Vi har ikkje lagt krisa bak oss. I tillegg er vinteren høgsesong for luftvegssjukdommar, inkludert sesonginfluensa, påpeikar ho.

– I dag ber vi alle vise handlekraft. Dette kan vere siste sjanse til å hindre ei gjentaking av sist vår.

(©NPK)

Helsekommissær Stella Kyriakides ber EU-landa innføre tiltak umiddelbart dersom det er fare for nye smitteutbrot. Foto: François Lenoir / AP / NTB