Annonse

EU-kommisjonen foreslår pristak på russisk diesel

EU-kommisjonen la torsdag fram eit forslag på eit pristak på 100 dollar fatet for russiske oljeprodukt som diesel.

I tillegg blir eit pristak foreslått på 45 dollar fatet på russiske rabatterte oljeprodukt som fyringsolje, opplyser ein tenestemann i unionen.

Forslaget er sendt til EUs 27 medlemsland. Deira innanriks- og justisministrar samlast til eit uformelt møte i Stockholm fredag, der det er venta at det foreslåtte pristaket vil bli diskutert.

Målet er å få på plass ein avtale internt i EU før pristaket på importerte russiske oljeprodukt trer i kraft 5. februar, i tråd med ein avtale mellom G7-landa.

Oljepristaket skal bidra til å minske Russlands inntekter frå sal av råolje til tredjeland.

(©NPK)

EU-kommisjonen foreslår eit pristak på russisk diesel. Illustrasjonsfoto: Berit Roald / NTB / NPK