Annonse

EU-kommisjonen fornøgd med utviklinga i domstolskrangelen med Polen

Vedtaket i Polens nasjonalforsamling om å droppe det omstridde disiplinærkammeret for høgsterettsdommarar, er eit positivt steg, meiner EU-kommisjonen.

Annonse

EU meiner ordninga bryt med sentrale rettsstatsprinsipp og gir regjeringa politisk kontroll over domstolsverksemda. Unionen har tidlegare underretta Polen om at disiplinærkammeret må avviklast om EU skal utbetale ein kompensasjon for koronautgifter på 35 milliardar euro.

EU-domstolen avsa i fjor ei mellombels rettsavgjerd med ordre om å setje til side ordninga i påvente av ein endeleg dom. Torsdag vedtok underhuset i den polske nasjonalforsamlinga å droppe disiplinærkammeret.

Vedtaket i nasjonalforsamlinga må likevel også godtakast i senatet i landet og av president Andrzej Duda, som er ein av opphavsmennene til disiplinærordninga.

Ein talsmann for EU-kommisjonen seier at omfanget og innhaldet i den endelege lovgivinga vil avgjere saka. Denne må vere i tråd med EUs lovverk og ta omsyn til EU-domstolens innvendingar, seier kjelda.

Polens statsminister Mateusz Morawiecki kunngjorde i nasjonalforsamlinga torsdag at EU-kommisjonens president Ursula von der Leyen besøkjer Warszawa 2. juni.

(©NPK)

EU-kommisjonen sa seg fredag fornøgd med framsteg i krangelen med Polen om eit disiplinærkammer for dommarar. Statsminister Mateusz Morawiecki (biletet) kunngjorde torsdag at EU-kommisjonens leiar Ursula von der Leyen besøkjer Warszawa i byrjinga av juni. Foto: Michal Dyjuk / AP / NTB