EU krev stans i rakettskytinga frå Gaza

EU krev umiddelbar stans i rakettskytinga frå Gaza mot Israel og ber om rask og fullstendig nedtrapping etter at Israel drap leiaren i Islamsk heilag krig.

Islamsk heilag krig (jihad) har stadfesta at leiaren Baha Abu Al-Ata vart drepen i eit luftangrep mot ein bustad i Gaza. I etterkant av luftangrepet har militante palestinske grupper skote fleire rakettar mot Israel.

- Rakettskyting mot sivilbefolkninga er fullstendig uakseptabelt og må stansast umiddelbart, heiter det i ei fråsegn frå EU.

- Ein rask og fullstendig nedtrapping er no nødvendig for å verne om liva og sikkerheita til palestinske og israelske sivile.

Angrepa og rakettane aukar sjansen for ei vesentleg eskalering i konflikten mellom Israel og palestinske militante i Gaza.

(©NPK)

Militante palestinske grupper skaut tysdag fleire rakettar mot Israel etter at ein leiar i gruppa Islamsk heilag krig vart drepen i eit israelsk luftangrep. Foto: AP /Hatem Moussa / NTB scanpix