EU-landa går vidare med lov om minstelønn – trass nordisk skepsis

EUs medlemsland ha vedteke eit mandat til forhandlingar om felles EU-reglar for minstelønn.

Avgjerda vart teken på eit ministermøte i Brussel måndag.

Danmark er usamd i ordninga som no blir skissert, og stemde mot innstillinga om korleis den endelege lova skal sjå ut. Lova skal få si endelege form i forhandlingar mellom medlemslanda og EU-parlamentet etter årsskiftet.

Politikarar og partane i arbeidslivet i Danmark fryktar at modellen for lønnsdanning kan bli endra som følgje av det nye EU-direktivet. Sverige har vore skeptisk av same grunn, og dei to landa stod i utgangspunktet saman om kritikken av planen.

Sverige har sidan endra syn. Arbeidsmarknadsministeren i landet Eva Nordmark seier at årsaka er at det har skjedd endringar i teksten som no ligg på bordet.

– Den inneber at vi ikkje blir tvinga til å innføre minstelønn og tek omsyn til den svenske lønnsmodellen, seier ho.

Trass i forsikringane, lét Danmark seg ikkje overtyde. Kritikarane fryktar mellom anna at saka kan bli bringa inn for EU-domstolen, og at minstelønn på den måten kan bli tvinga på plass.

Arbeidsminister Hadia Tajik (Ap) vurderer at minstelønnsdirektivet, slik så langt har set ut, ikkje er omfatta av EØS-avtalen, skriv FriFagbevegelse.

– Land som ikkje har lovfesta minstelønn vil ikkje bli pålagde å innføre slik, meiner Tajik, ifølgje LO-organet.

(©NPK)