EU-landa samde om pristak på russiske oljeprodukt

EU-landa er samde om eit pristak på russiske oljeprodukt, som diesel, på 100 dollar fatet.

Nyheita blir stadfesta i ei Twitter-melding frå det svenske EU-formannskapet. Sverige seier semja som no er oppnådd er ein viktig del av EUs respons på Russlands angrepskrig mot Ukraina.

Diplomatar opplyser til Reuters at det også er semje om eit pristak på 45 dollar fatet på russiske rabatterte oljeprodukt som fyringsolje. Dette er i tråd med forslaget som vart lagt fram av EU-kommisjonen.

Vil gå i takt med G7

Russland har kritisert tiltaket allereie før det er innført og hevdar det vil «føre til ytterlegare ubalanse i den internasjonale energimarknaden».

– Vi tek grep for å sikre våre interesser mot denne risikoen, seier Kreml-talsmann Dmitrij Peskov.

Kjelder i diplomatiet seier at Polen og dei baltiske landa, som har det strengaste synet på Russland blant EUs medlemmer, ønskte ein lågare makspris for å redusere Russlands inntekter. Samtidig vil Vesten unngå eit pristak som er så lågt at det struper dei russiske forsyningane til verdsmarknaden heilt og sender oljeprisen til vêrs.

Saka vart diskutert på eit møte i Stockholm fredag, der innanriks- og justisministrane i EU-landa deltok. EUs mål var å få på plass ein avtale internt i unionen før pristaket i G7-landa på importerte russiske oljeprodukt trer i kraft 5. februar.

Råoljeforbod kostar milliardar

I desember innførte EU importforbod for russisk råolje som kjem sjøvegen. Det vart gjort unntak for Ungarn og andre innlandsstatar som får olje levert via røyrleidningar. Ifølgje unionen har importforbodet ført til ein reduksjon i oljeimporten frå Russland med rundt 90 prosent. Saman med G7-landa vart dei også samde om eit pristak på 60 dollar på russisk råolje.

Både pristaket på råolje og på petroleumsprodukt inneber at det er forbode for skip frå EU-landa å frakte olje som er seld til tredjeland for meir enn maksprisen som er sett. Målet er å minske Russlands inntekter frå sal av olje.

EU-kommisjonen-leiar Ursula von der Leyen anslo under eit besøk i Kyiv denne veka at pristaket på råolje allereie har kosta russarane rundt 160 millionar euro – 1,75 milliardar kroner – per dag.

(©NPK)