Annonse

EU-parlamentet vil ha slutt på å stille klokka

Eit fleirtal i EU-parlamentet seier ja til å avvikle ordninga med å stille klokka fram og tilbake kvart halvår frå 2021. EUs medlemsland avgjer vegen vidare.

Vedtaket inneber likevel ikkje at saka er avslutta. EUs ministerråd må først bli samde om ein felles ståstad før sluttforhandlingane kan starte, eit arbeid som enno ikkje er i gang.

I vedtaket til EU-parlamentet heiter det at det skal vere opp til medlemslanda sjølv å avgjere om dei vil låse seg til sommartid eller normaltid (populært kalla vintertid). Noreg har tradisjonelt følgt tida i EU. Det betyr at ordninga med å stille klokka fram og tilbake kan avviklast om få år, også her heime.

- Eit plaster på såret med lysare kveldar

Medlemslanda må innan april neste år varsle EU-kommisjonen om valet sitt, slik at avgjerdene i alle landa blir koordinerte før ordninga trer i kraft i 2021.

Det betyr at du framleis må stille klokka fram førstkommande søndag 31. mars.

- Mange har håpt på at det snart blir slutt på klokkestillinga. Det blir det altså førebels ikkje. Eit plaster på såret er at vi får lysare kveldar. Det er godt nytt for både A- og B-menneske, seier nærings- og «tidsminister» Torbjørn Røe Isaksen (H).

Forslag dukka opp i meiningsmåling

Viss EU-kommisjonen vurderer det slik at det blir problem med overgangen, vil dei setje i verk ein tolv månaders forseinking.

- Det er mange meiningar om å stille klokka. Dette er noko som vekkjer engasjement hos veldig mange. Ikkje minst småbarnsforeldre, som meg sjølv. Det blir spennande å sjå kva EU landar på, seier Isaksen.

Vedtaket i EU-parlamentet tysdag kjem etter at transportkomiteen tidlegare denne månaden sa ja til endringa. Behandlinga til komiteen var igjen ein konsekvens av forslag frå EU-kommisjonen i fjor som følgje av ei meiningsmåling blant EU-borgarar. Målinga, som fann stad på internett og der dei fleste av svara kom frå tyske borgarar, viste stor støtte til å gjere slutt på vekslinga kvart halvår.

Sommartid vart innført i ei rekke land i Europa i 1916 for å få lys ein time lenger på kveldane om sommaren. I Noreg har vi hatt sommartid sidan 1980.

(©NPK)

Å skru tida fram og tilbake ein time kvart halvår skaper bry for mange. EU-parlamentet meiner det er på tide å skrinleggje ordninga. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix