EU til kraftig angrep på Fifa: Korrupsjon er utstrekt, systematisk og djupt forankra

EU-parlamentet vedtok torsdag ein resolusjon rundt menneskerettssituasjonen i Qatar. Samtidig blir tungt skyts retta mot Det internasjonale fotballforbundet.

I resolusjonen parlamentarikarane til slutt vart samde om, blir prosessen som enda opp med å gjere Qatar til VM-vertar, kritisert i harde ordelag. Samtidig beklagar ein dødsfalla til «dei mange tusen migrantarbeidarane» som mista livet under førebuingane til sluttspelet.

Vidare heiter det mellom anna at tildelinga av meisterskapen vart gjord på bakgrunn av truverdige påstandar om korrupsjon og bestikkingar. Prosessen blir omtalt som lite open og mangelfull med omsyn til risikovurdering.

Korrupsjonen i Det internasjonale fotballforbundet blir såleis omtalt som utstrekt, systematisk og djupt forankra. I tillegg understrekar parlamentarikarane korleis Fifa på alvorleg vis har skadd «ryktet og integriteten til internasjonal fotball».

Nye tildelingskriterium

Parlamentet ber om at EU-landa, og særleg dei med tonegivande nasjonale ligaer som Frankrike, Tyskland, Italia og Spania, utøver press mot Fifa og Det europeiske fotballforbundet (Uefa) for å få reformert Fifa.

«Dette må inkludere innføring av demokratiske og transparente prosedyrar ved tildeling av fotball-VM og streng implementering av menneskeretts- og berekraftskriterium for vertsland», skriv parlamentet på nettsidene sine.

«For å beskytte idrettsutøvarar og fans og få slutt på sportsvasking, bør internasjonale sportshendingar ikkje tildelast land der grunnleggande menneskerettar blir krenka, og der systematisk kjønnsbasert vald er utbreidd», heiter det vidare.

EU-parlamentarikarane er også opptekne av at familiane til migrantarbeidarar som mista livet eller vart skadde i VM-førebuingane, skal kompenserast økonomisk. Eit slikt krav har også ei rekkje andre aktørar, blant dei menneskerettsorganisasjonar, stått hardt på den siste tida.

Krev meir likestilling

Styresmaktene i Qatar har oppretta eit fond som skal hjelpe migrantarbeidarar som ikkje har fått utbetalt den lønna dei har krav på. EU-parlamentet anerkjenner dette initiativet, men seier at fondet må utvidast slik at også døde eller skadde arbeidarar får støtte frå dette.

Styresmaktene i VM-landet blir vidare sterkt oppmoda til å gjennomføre ei full gransking av episodane som har leidd til dødsfall blant VM-arbeidarar i landet.

I resolusjonen heiter det til slutt at ein beklagar måten LHBT+-personar blir behandla på, og golfstaten må forsterke tiltaka rundt likestilling.

Resolusjonen vart vedteken ved handsopprekking. Enkelte parlamentarikarane ønskte ein tekst som var endå tøffare formulert, men fekk ikkje gjennomslag for dette.

Dansk kraftsalve

Den danske parlamentarikaren Niels Fuglsang la allereie onsdag ut eit klipp der han sjølv var på talarstolen i EU-parlamentet.

– I dag er eg flau. I dag skammar eg meg. I dag er eg trist. Eg er flau, skammar meg og er trist fordi det som kanskje er den mørkaste augneblinken i idrettshistoria finn stad akkurat no. VM-sluttspelet i Qatar, seier han der.

Han peikar deretter på dei mykje kritiserte sidene ved Qatar og tildelinga av VM.

Fuglsang vil ha ein fundamental reformasjon av Fifa.

– Mr. Infantino, gjer oss alle ei teneste. Gå av. No, seier han.

(©NPK)

Fifa og president Gianni Infantino får hard medfart i EU-parlamentet. Foto: Natacha Pisarenko / AP / NTB

Annonse