EU: Russiske kjelder prøvde å undergrave EU-valet

EU skuldar russiske kjelder for å ha prøvd å påverke valet til nytt EU-parlament ved hjelp av sofistikerte desinformasjonskampanjar.

I ein ny rapport skriv EU-kommisjonen og EUs utanriksteneste at det vart observert vedvarande forsøk på å påverke røystinga i EU-valet - og på å få veljarar til å la vere å stemme.

Spesielt russiske kjelder var aktive, heiter det. Men EU presiserer ikkje nærare kva for kjelder det er snakk om.

I rapporten blir det til dømes vist til at «vondsinna aktørar» brukte brannen i Notre-Dame som bevis på at kristne verdiar har mista fotfeste i Vesten.

Koordinerte kampanjar vart ifølgje rapporten sett i gang for å fremme ekstreme standpunkt og hisse opp stemninga i lokale debattar, inkludert gjennom «grunnlause angrep på EU». Det skal òg ha vorte observert bruk av dataprogram og falske kontoar, sjølv om EU har fått nettgigantar som Facebook med på eit samarbeid for å forhindre slikt.

Samtidig skal europeiske politiske aktørar ofte ha late seg inspirere av den russiske taktikken og argumenta til kjeldene.

I rapporten blir det også framheva at desinformasjonen har vorte meir sofistikert enn før, og at det gjerne er snakk om små, lokale operasjonar som kan vere svært vanskelege å avdekke.

(©NPK)

Valvake framfor EU-parlamentet etter valet i slutten av mai. Foto: Francisco Seco / AP / NTB scanpix