Annonse

EU samordnar seg om 5G

EU vil koordinere innsatsen for å sikre 5G-nettet i framtida. Det er dårleg nytt for den kinesiske mobilgiganten Huawei.

EU-kommisjonen tar no initiativ til innsats både på nasjonalt og på europeisk nivå for å sikre 5G-netta som skal byggast ut i Europa dei næraste åra.

- Vi har spesifikke bekymringar knytt til spesifikke leverandørar. Og eg trur alle veit at det er Kina og Huawei eg snakkar om, seier visepresidenten i EU-kommisjonen Andrus Ansip.

Han viser til at Kina nyleg har vedtatt ei ny etterretningslov som forpliktar alle kinesiske leverandørar til å samarbeide med kinesisk etterretning. Dette er noko EU er nøydd til å ta på alvor, åtvarar visepresidenten.

Frykta er at bruk av utstyr frå Huawei i utbygginga av det nye 5G-nettet skal opne døra for kinesisk spionasje i vestlege land.

Noko regelrett forbod mot Huawei er det likevel ikkje snakk om i denne omgangen.

I staden blir EUs medlemsland bedne om å gjennomføre nasjonale risikovurderingar. Desse skal leggast fram innan 30. juni. EU skal deretter legge fram ei felles risikovurdering innan 1. oktober. Så er målet å bli einige innan nyttår om tiltak for å svare på bekymringane som blir identifiserte.

EUs medlemsland har så langt hatt ei sprikande tilnærming i saka. Noreg har ikkje konkludert.

(©NPK)

Kinesiske Huawei har møtt motgang i kampen om å vinne kontraktar for utbygging av 5G i Europa. Foto: AP / NTB scanpix