EU set i verk dataavtale med USA

(NPK-NTB-AFP): EU er klar til å setje i verk ein avtale som skal sikre at europeiske borgarar ikkje risikerer å bli utsette for statleg amerikansk spionasje på internett.

Justiskommissæren i EU Vera Jourova og USAs handelsminister Penny Pritzker presenterte tysdag den endelege versjonen av avtalen. Den erstattar den såkalla trygg havn-avtalen frå 2000 som blei stoppa av EU-domstolen i oktober i fjor ettersom det blei vurdert at han ikkje sikra personlege data godt nok når selskap sender nettdata frå Europa til USA.

Jourova kallar avtalen for «eit robust nytt system» som skal beskytte Europas personlege data, i tillegg til gi juridisk tryggleik for næringslivet. Ho meiner han er «ein milepæl for personvernet i ei tid der det å dele data driv fram vekst i alle bransjar».

Selskap som Facebook og Google har vore opptatt av å få slutt på det juridiske vakuumet som oppstod etter avgjerda i EU-domstolen i oktober.

Avtalen inneber blant anna at USA skal avgrense praksisen med å samle inn store mengder usortert internettdata. I tillegg skal det utnemnast eit eige amerikansk ombod som europeiske statsborgarar kan klage til dersom dei meiner at dei blir overvaka. Det skal også bli innført bøter for selskap som ikkje retter seg etter loven. Avtala skal bli gått gjennom éin gong i året. Han vil tre i kraft få timar etter at EUs medlemsland er blitt formelt orienterte om at avtalen er på plass. (©NPK) (©NPK)

Annonse