Klargjør siden...
Annonse

EU skuldar Ungarn for å diskriminere rombarn

(NPK-NTB-AFP): EU mistenkjer Ungarn for å diskriminere rombarn i skulane og har bedt statsminister Viktor Orbán om ein forklaring.

EU-kommisjonen har gjeve Orban to månader til å svare på spørsmål om kvifor barn frå romfolket ikkje behandlast på lik linje med andre ungarske barn i landets skulestell.

Ifølgje kommisjonen er rombarn overrepresentert ved spesialskular for psykisk utviklingshemja barn, og dei blir også segregert i vanlege skular i landet.

EU krev at rombarn får same tilbod om utdanning som andre barn i Ungarn og truer med straffereaksjonar om landet ikkje etterkommar kravet. (©NPK)

Annonse