Annonse

EU vil forhandle med Trump om biltoll

EU-kommisjonen har lagt fram eit forslag til formelt mandat for forhandlingar med USA om toll på industriprodukt. Bilar er med i pakken, men ikkje jordbruk.

Annonse

- Vi er førebudde på å legge biltollen vår på forhandlingsbordet som del av ei breiare einigheit, føresett at USA går med på å arbeide mot nulltoll på alle industriprodukt, bekreftar EUs handelskommissær Cecilia Malmström.

Også fiskeri er med i pakken. Men EU-kommisjonen er ikkje villig til å opne forhandlingar med USA om toll på jordbruksprodukt, ifølgje Malmström. USAs president Donald Trump har ønskt slike forhandlingar og retta krass kritikk mot EU for å gjere det altfor vanskeleg for amerikanske bønder å eksportere til Europa.

EUs medlemsland må no godkjenne mandatet før dei formelle forhandlingane kan starte.

EU og USA har vore i uformelle diskusjonar om toll på industrivarer sidan i sommar. Då samtalane starta, var det ein føresetnad at biltoll ikkje skulle vere ein del av pakken.

Spørsmålet har spesielt vore kjenslevart for tysk bilindustri.

Ifølgje Malmström er det berre ein avgrensa tollavtale det no skal forhandlast om. Det er ikkje snakk om å ta opp att diskusjonar om eit breiare avtaleverk à la forhandlingane om den store frihandelsavtalen TTIP. Forhandlingane om TTIP havarerte då Trump vann presidentvalet for to år sidan.

(©NPK)

EUs handelskommissær Cecilia Malmström, her under eit møte med USAs handelsrepresentant Robert Lighthizer og Japans handelsminister Hiroshige Seko i Washington tidlegare i januar. Foto: Carolyn Kaster / AP / NTB scanpix