Klargjør siden...

EU vil trene Libyas marine

(NPK-NTB-Anne Marte Vestbakke): Libyas skjøre samlingsregjering bed EU hjelpe i opplæringa av landets marine og kystvakt. Og EU seier seg villig.

– Libyas statsminister Fayez al-Sarraj har skrive for å be om rask EU-støtte til opplæring, sa EUs utanrikssjef Federica Mogherini før unionens utanriksministrar heldt møte i Brussel måndag.

– Dette er ei viktig utvikling, hevda ho og meiner eit oppdrag bør vere operativt så raskt som mogleg «så vi kan støtte libyarane med dei mange utfordringane dei må ta tak i».

EUs utanriksministrar gav som venta sin tilslutning til ønsket om opplæring av kystvakta og marinen, og nå skal oppdraget gjennom militær planlegging før eit formelt vedtak.

Ei EU-opplæring av libysk marine og kystvakt er òg venta å måtte gå føre seg i internasjonalt farvatn, ifølgje avisa Wall Street Journal. Medan opplæring av libyske sikkerheitsstyrkar er venta å finne stad i EU-land.

Libya er prega av år med kaos og anarki og fekk først i februar ei FN-støtta samlingsregjering på plass. Ho har avgrensa styresmakt i landet, men Europa håpar nye bidrag kan hjelpe i stabiliseringa av landet.

Nato opplyser at alliansen ikkje har fått noka liknande førespurnad om bistand frå libyske styresmakter enno, men generalsekretær Jens Stoltenberg har sagt at Nato står klare til å hjelpe om spørsmålet kjem.

– Det er ikkje snakk om eit kampoppdrag. Men vi diskuterer korleis Nato kan hjelpe , spesielt med å byggje institusjonar og strukturar, sa Stoltenberg til pressen fredag. (©NPK)

Annonse