Annonse

Europas romfartsbyrå vil rydde rommet

Det europeiske romfartsbyrået (Esa) har gått saman med eit sveitsisk firma for å fange opp søppel i rommet og la det brenne opp i atmosfæren.

Annonse

Oppdraget til Esa og ClearSpace SA skal byrje i 2025. Esa bidreg med 86 millionar euro.

Planen er at eit romfartøy skal bruke robotarmar til å fange bitar med metall i rommet som veg meir enn 100 kilo. Dei skal dragast inn i jordas atmosfære der dei vil brenne opp.

Typisk kan romavfall vere delar frå brukte rakettar, satellittar som er ute av drift, og verktøy som astronautar har mista. Aller mest er det likevel av vrakgods frå eksplosjonar og kollisjonar. Ifølgje ETA er det til saman 8.500 tonn med søppel i bane rundt jorda – og mengda aukar stadig.

Esa og ClearSpace SA skal tysdag fortelje meir om planane for romryddinga.

(©NPK)