Annonse

Europeisk trio ber Iran overhalde atomavtalen

Både Tyskland, Frankrike og Storbritannia ber Iran om ikkje å lagre meir uran enn det landa vart samde om då atomavtalen vart inngått i 2015.

Annonse

Frankrikes president Emmanuel Macron bad måndag Iran vere tolmodig og vise ansvar.

Få timar tidlegare hadde iranske styresmakter varsla ei ti dagar lang nedteljing til dagen då landet vil gå bort frå delar av avtalen.

- Eg beklagar dagens kunngjering frå Iran. Vi oppfordrar Iran sterkt om å oppføre seg på ein måte som er tolmodig og ansvarsfull, sa Macron på ein pressekonferanse i Paris.

Same dagen åtvara òg Tyskland og Storbritannia Iran om ikkje å bryte grensa til atomavtalen for kor mykje opprikt uran landet kan lagre. Grensa lyder på 300 kilo.

Irans ønske om å gå bort frå delar av avtalen kjem som ei følgje av at USA i fjor trekte seg frå avtalen og innførte harde sanksjonar mot landet på nytt.

EU-landa kjempar hardt for at Iran framleis skal rette seg etter avtalen, men dei har ikkje greidd å hindre at Irans viktige oljeeksport og banksektor har vorte ramma av sanksjonane.

EUs utanrikssjef Federica Mogherini sa måndag at EU ikkje vil handle ut frå iransk retorikk, men i staden vente på rapportar frå Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) om i kva grad landet held seg til avtalen.

Atomavtalen vart inngått mellom Iran, USA, Russland, Kina, Storbritannia, Tyskland og Frankrike og dessutan EU i 2015. Han legg sterke avgrensingar på Irans atomprogram slik at det ikkje skal kunne brukast til å produsere atomvåpen. Til no har IAEA kunne slå fast at Iran har halde seg til avtalen.

Iran har heile tida insistert på at atomprogrammet i landet berre har fredelege formål.

(©NPK)

Irans president Hassan Rouhani (t.h.) tar imot Tysklands utanriksminister Heiko Maas, som nyleg var i Teheran for å overtale Iran til å halde seg til atomavtalen. Foto: AP / NTB scanpix