Annonse

Europol åtvarar mot falske koronavaksinar

Den europeiske politieininga Europol åtvarar mot at falske koronavaksinar blir selde i dei mørke krokane på internett og ber medlemslanda vere på vakt.

Fredag sende Europol, den felleseuropeiske politieininga som også Noreg er tilknytt, eit varsel til medlemslanda. Dei meiner trusselen er endå meir aktuell no som fleire legitime vaksinar er i ferd med å bli godkjende.

Ifølgje Europol er det fleire produkt som blir marknadsførte som vaksinar og koronalegemiddel på det såkalla mørke nettet, og som også bruker merkevarene til legitime aktørar. Det kan vere ein stor trussel mot folkehelsa, åtvarar politieininga.

– Falske kopiversjonar av dei legitime vaksinane er venta å komme raskt i sirkulasjon, skriv Europol.

(©NPK)