EUs toppmøte avslutta utan semje om nytt langtidsbudsjett

Leiarane i EU-landa klarte ikkje å bli samde om eit nytt langtidsbudsjett på det ekstraordinære toppmøtet i Brussel, opplyser diplomatar.

Toppmøtet er over, stadfestar EU-president Charles Michels talsmann på Twitter fredag kveld. Dermed er det duka for eit nytt toppmøte om nokre veker.

Då leiarane i EU-landa sette seg rundt toppmøtebordet torsdag, var dei ikkje eingong samde om kor stort det neste langtidsbudsjettet skulle vere.

Medan skattar og avgifter er den viktigaste inntektskjelda på eit vanleg statsbudsjett, blir EU-budsjettet dekt av det medlemslanda betaler inn. Kva som er eit passande beløp, er det ikkje lett å få 27 EU-land til å bli samde om.

Austerrike ønsker saman med Sverige, Danmark, Nederland og Tyskland at bidraget frå medlemslanda maksimalt skal vere på 1 prosent av bruttonasjonalprodukt.

Då EU-president Charles Michel inviterte til toppmøtet, skreiv han at det skulle starte torsdag, men sa ikkje når det skulle vere ferdig. No er det over, utan noko budsjettsemje. Foto: AP / NTB scanpix