Klargjør siden...
Annonse

Få melder alvorleg datakriminalitet

(NPK-NTB): Berre 9 prosent av bedrifter som blei utsette for alvorleg datakriminalitet i fjor, melde forholdet til politiet.

Det viser tal frå Mørketalsundersøkinga, som onsdag blei lagt fram på Tryggingskonferansen 2016.

Virusangrep og skadevare årsaker dei verste hendingane for norske bedrifter. Løysepengevirus og søppelpost er òg forholdsvis utbreidd.

Kripos er uroa for at så få tek seg bryet med å melde forholda til politiet , men avdelingsdirektør Eiliv Ofigsbø vedgår at systema ikkje er særleg godt tilrettelagde.

– Det er ikkje så lett å melde slike saker til politiet. Ein må gå til sitt lokale politidistrikt, og der møter ein kanskje ein konstabel som ikkje veit så mykje om IKT-kriminalitet, seier han. (©NPK)

Annonse