Fagforbundet ber regjeringa snu om pensjonskutt for uføre

LOs største forbund Fagforbundet reagerer sterkt på forslaget frå regjeringa om kutt i uførepensjonen.

Arbeids- og sosialminister Anniken Haugli (H) varsla tidlegare denne veka at ho vil fjerne skjermingstillegget til uføre pensjonistar.

Skjermingstillegget kompenserer uføre som ikkje kan auke alderspensjonen sin ved å stå lenger i arbeid, slik yrkesaktive kan.

Fagforbundet reagerer sterkt på kuttet. I ei fråsegn frå landsstyret til forbundet torsdag ber forbundet regjeringa om å snu i saka. Dei peikar på at pensjonsreforma inneber at yngre årskull må jobbe lenger for å få pensjon på same nivå som eldre årskull, og at det tidleg vart det klart at dette ville slå heilt urimeleg ut for uføre, sidan dei ikkje kan velje å jobbe lenger.

- For å kompensere for denne uretten vart det innført eit skjermingsfrådrag. (...) Det er denne ordninga regjeringa no vil kutte. Landsstyret i Fagforbundet reagerer sterkt på at regjeringa endå ein gong tar frå dei vanskelegast stilte, heiter det i fråsegna.

Hauge har uttalt til DN at forslaget er «i tråd med arbeidslinja» og seier at dagens ordning inneber at uføretrygda som blir alderspensjonistar, kan få opptil 50.000 kroner meir i årleg alderspensjon enn yrkesaktive som går av tidleg i 60-åra.

Viss skjermingstillegget blir fjerna, vil det dessutan innebere ei innsparing på 1,3 milliardar kroner i 2030.

Både Ap, SV og Raudt har reagert sterkt på forslaget, som dei kallar «usosialt», «eit svært grovt angrep på inntekta til uføre» og «å gå laus på sjuke og fattige».

Forslaget som er sendt på høyring, rettar seg mot uføre fødde i 1954 eller seinare.

Landsstyret i Fagforbundet ber regjeringa snu.

- Det betyr lite for økonomien i Noreg og svært mykje for dei som blir ramma, heiter det.

(©NPK)

Fagforbundets leiar Mette Nord meiner regjeringa tar frå dei vanskelegast stilte viss dei kuttar i uførepensjonen. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix