Falck: - Få interessert i å få tilbake stolne syklar

Folk kjem sjeldan for å leite etter dei stolne syklane sine på sykkellagera til Falck sykkelregister, opplyser Falck til NRK.

Ifølgje Falck står det no rundt 700 syklar på lageret deira i Trondheim, likevel er det sjeldan fleire enn éin person i veka som vil sjå om han eller ho finn den stolne sykkelen sin hos dei.

Syklane blir frakta til lageret til selskapet når politiet ikkje klarer å kople ein stolen eller hitta sykkel til eigaren. Å hente ut sykkelen kostar rundt 400 kroner, ifølgje kanalen. For å bevise at ein er den rettmessige eigaren til sykkelen blir det til dømes kravd eit bilde, eller koden til ein lås som heng på.

Dagleg leiar Kathrine Gran ved Falck i Trondheim lurer på om rask utbetaling frå forsikringsselskapet kan vere årsaka til den labre interessa.

Forsikringsselskapa Storebrand, Tryg og Gjensidige stadfestar overfor NRK at det går raskt å få tilbake pengar etter eit sykkeltjuveri, men understrekar at det ikkje er for enkelt.

(©NPK)

Totalt vart rundt 10.400 syklar meldt stolne til norske forsikringsselskap i fjor. Illustrasjonsbilde av ein sykkel. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix