Far dømt for mishandling av baby

(NPK-NTB): Ein mann er i Gulating lagmannsrett dømt til fengsel i to år og to månader for mishandling av si éin månad gamle dotter. Retten meiner valden bar preg av sadisme.

Mishandlinga har skjedd mens faren (26) stelte barnet sitt, skriv Bergens Tidende.

Retten meiner mannens formål «synest å ha vore å påføre dottera smerter og liding og moglege skader». Retten reknar det som bevist at mannen vaska henne med så kaldt vatn at ho fekk nedsett kroppstemperatur og måtte leggjast inn på sjukehus. Dessutan har mannen ifølgje dommen bøygd dottera sin finger så langt bakover, så det blei brot. Han har dessutan vedgått at han har halde dottera for munnen og nasen slik at ho fekk problem med å puste ved fleire høve».

«Mishandlinga skjedde under alle omstende totalt uprovosert, og hadde utelukkande karakter av mishandling/sadisme», skriv retten.

Då saka blei behandla i tingretten i fjor, blei mannen dømd til fengsel i halvtanna år. Lagmannsretten skjerpa altså denne straffa.

Den vesle jenta har ikkje fått varige skadar som følgje av valdsbruken, opplyser politiadvokat Inger Lise Høyland, som var aktor i saka.

Mannen er også dømd for å ha trua ein journalist i Bergens Tidende, for å ha brote besøksforbod, for å ha søkt etter overgrepsbilete på internett, for promillekøyring og bruk av narkotiske stoff. (©NPK)

Annonse