Annonse

Faren til Viggo Kristiansen ber om tilbakebetaling av 1,1 millionar kroner

Faren til Viggo Kristiansen ber om å få refundert i overkant av 1,1 millionar kroner i utlegg i samband med justismordet mot sonen.

Faren har ikkje oppgitt timar eller bede om betaling for arbeid, men ber om å få refundert i overkant av 1,1 millionar kroner, skriv TV 2.

Han seier kravet byggjer på utgifter han hadde i samband med dei første krava om gjenopptaking.

Han betalte sjølv for advokatutgifter då forsvarer Sigurd Klomsæt vart engasjert, og dessutan for arbeidet DNA-ekspertar gjorde for dei.

– For meg har ikkje pengane vore prioriterte, det viktigaste for oss var å få guten heim igjen, seier han.

(©NPK)

Far til Viggo Kristiansen, Svein Kristiansen, ber om få refundert 1,1 millionar kroner etter justismordet mot sonen. Foto: Beate Oma Dahle / NTB