Farenivået auka til raudt ved fjellet Mannen, og folk i området må igjen evakuerast

Farenivået blir igjen auka til raudt ved fjellet Mannen, melder NRK. Dermed må folk i området evakuerast for åttande gong sidan 2014.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) bekreftar overfor NTB at farenivået blir auka fredag ettermiddag.

- Det er slitsamt for innbyggjarane med så mange evakueringar, men vi visste tidlegare i dag at det kunne bli raudt nivå, seier ordførar Lars Olav Hustad i Rauma kommune til NRK.