Færre arbeidsledige kvinner enn menn under koronapandemien

Arbeidsløysa har dei siste åra vore lågare for kvinner enn menn. Med koronakrisa vart gapet større og no er det 20.000 fleire arbeidsledige menn enn kvinner.

Med nedstenginga i mars 2020 auka arbeidsløysa til 134.000 heilt ledige kvinner og 166.000 menn. Det svarte til 10 prosent av den kvinnelege arbeidsstyrken, og 11 prosent av den mannlege. Det melder Nav i nettmagasinet sitt Memu.

I slutten av februar i år er delen heilt ledige menn på 4,6 prosent. Arbeidsløysa for kvinner 3,9 prosent.

At kvinner kjem noko betre ut kan ha samanheng med at fleire menn enn kvinner jobbar i privat sektor, som er hardast ramma av nedstengingane.

Fleire yrke som har høgare del kvinner, som innan helse- og omsorg, har derimot hatt behov for arbeidskraft under pandemien.

– Anslaga for arbeidsmarknaden tyder på at arbeidsløysa vil vere høg òg inn i 2022. Vi oppmodar dei som er arbeidsledige, kvinner og menn, til å vurdere om dei bør heve kompetansen eller byte til andre bransjar, seier Nav-direktør Hans Christian Holte.

(©NPK)

Etterspurnaden etter arbeidskraft i yrke som har høgare del kvinner, som innan helse- og omsorg, har vore høgare under koronakrisa. Her på pandemilabben på Ullevål jobbar labmedarbeidarar med å analysere tusenvis av koronaprøver frå store delar av Oslo og austlandsområdet kvar einaste dag. Foto: Heiko Junge / NTB