Annonse

Færre enn éin av tre nyutdanna politifolk jobbar i politiet

Under 30 prosent av studentane som gjekk ut frå Politihøgskolen våren 2019, har no jobb i politiet. Av desse har 9 prosent fått fast jobb.

Annonse

Politidirektoratets tal over nyutdanna frå 2019-kullet viser ein nedgang på 18,6 prosent som er i jobb som politifolk, samanlikna med 2. kvartal 2019.

Dette kjem av sesongvariasjonar, og at mange nyutdanna har vore tilsette i mellombelse sommarvikariat, som ikkje har vorte forlengt. Ifølgje direktoratet påverkar stram økonomi i politidistrikta tilsettingstakta.

- Samtidig har det vore ein auke i delen med fast tilsetting på tvers av alle kulla. Tala viser at nyutdanna får jobb etter ferdig politiutdanning, men at det kan ta tid å få fast tilsetting, seier HR-direktør Karin Aslaksen i Politidirektoratet i ei pressemelding.

Medan 28,8 prosent av avgangsstudentane i år no jobbar i politiet, gjeld dette rundt 80 prosent av studentane frå 2018-kullet. 64,4 prosent av desse har fått fast jobb. Frå 2017-kullet er drygt 90 prosent av studentane tilsett i politiet, litt over 86 prosent av desse i fast stilling.

Politiet hadde totalt 16.991 årsverk ved utgangen av september 2019, av desse 10.107 politiårsverk. Det er venta at regjeringa vil nå målet om to politiårsverk per 1.000 innbyggarar neste år.

(©NPK)

Færre enn éin av tre som var ferdig utdanna ved Politihøgskolen i vår, jobbar no i politiet. Illustrasjonsfoto: Terje Pedersen / NTB scanpix