Færre migrantar til EU i oktober

Færre migrantar aust i Middelhavet førte til 17 prosent færre ulovlege grensekryssingar på dei viktigaste migrasjonsrutene til EU i oktober, ifølgje Frontex.

Ifølgje EUs grense- og kystvaktstyresmakt vart det registrert 16.800 ulovlege grensekryssingar i oktober. Hittil i år er talet 107.900, ein nedgang på 16 prosent samanlikna med i fjor.

Nedgangen frå september til oktober kjem først og fremst av at det kjem færre migrantar via det austlege Middelhavet. Færre nye migrantar til øyane aust i Egearhavet førte til ein nedgang på 18 prosent til 10.800. Det utgjer rundt to tredelar av dei som kom ulovleg til EU denne månaden.

Men sjølv om det var ein nedgang aust i Middelhavet i oktober, har talet på nye migrantar i denne regionen auka med 31 prosent hittil i år, samanlikna med i fjor. At totalen for EU likevel er lågare, kjem først og fremst av ei halvering i det vestlege og sentrale Middelhavet.

Afghanarar og syrarar utgjer høvesvis ein tredel og ein firedel av dei som kjem via det austlege Middelhavet. Halvparten av dei som kjem til EU via Vest-Balkan er òg afghanarar.

I vest er det marokkanarar og algeriarar som er dei største gruppene, medan det sentralt i Middelhavet er flest tunisiarar, sudanarar, ivorianarar og pakistanarar, opplyser Frontex.

(©NPK)

Det kom færre migrantar over Middelhavet i oktober enn i september. Nokre av dei som kom seg til Europa vart plukka opp av skipet Ocean Viking og ført til land på Sicilia. Arkivfoto: Francesco Ruta / ANSA / AP / NTB scanpix